Brunkakadu er ein stor papegøyefugl i kakadufamilien og har naturleg utbreiing i Australia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Calyptorhynchus lathami
- Beskriven av
- (Temminck, 1807)
Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang og veg rundt 430 gram.
Arten er knytt til tørr tropisk skog. Brunkakadu lever av frø som han finn i buskar og i tre.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 29 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag ni veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av tre til fire år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.