brosjering

Artikkelstart

Brosjering er ein metode for framstilling av tekstil, opprinneleg gull-, sølv- eller silkebrokade, der ein mønstertråd blir vevd inn i ein grunnvev ved hjelp av spesielle, små skytlar. Det minnar om broderi.

Faktaboks

Uttale
brosjˈering
Etymologi
av fransk

Brosjering er eigentleg ein vevteknikk der spreidde enkeltmotiv blir vevde inn i stoffet med kontrastinnslag av metall- eller tekstiltråd. Kvart motiv er vevd inn individuelt slik at det ikkje er lause trådar på vranga. Teknikken blei særleg bruka på ulldamsk og silkedamask, og var eit nitid handarbeid.

Med moderne vevteknikk kan brosjerte stoff etterliknast med ulike, digitale jacquardteknikkar, der mønsterinnslaget blir bunde til vranga av botnveven. Brosjering kan også etterliknast ved lansering.

Les meir i store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg