Borneosnokørn er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Brunei, Indonesia og Malaysia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Spilornis kinabaluensis
Beskriven av
Sclater, WL, 1919

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 420 gram og hofuglane rundt 560 gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog. Borneosnokørn er ein jegar som lever av vekselvarme virveldyr og små varmblodige dyr som han fangar på bakken og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 35 dagar. Ungane forlèt reiret om lag ni veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

borneosnokørn
Spilornis kinabaluensis
Artsdatabanken-ID
175202

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg