Blydue
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Blydue er ein liten duefugl i duefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Claravis pretiosa
Beskriven av
(Ferrari-Pérez, 1886)

Som vaksen veg fuglen rundt 67 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, sterkt endra tropisk skog og fuktig savanne. Blydue lever av frø som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

blydue
Claravis pretiosa
Artsdatabanken-ID
176149

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg