Blodstrupekotinga
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Blodstrupekotinga er ein fugl i kotingafamilien og ein av dei største sporvefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pyroderus scutatus
Beskriven av
(Shaw, 1792)

Vaksne hannar veg rundt 410 gram og hofuglane rundt 350 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, og tropisk fjellskog. Blodstrupekotinga lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

blodstrupekotinga
Pyroderus scutatus
Artsdatabanken-ID
180483

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg