Blodstrupeamadin er ein middels stor sporvefugl i astrildfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Amadina fasciata
- Beskriven av
- (Johann Friedrich Gmelin, 1789)
Som vaksen veg fuglen rundt 18 gram.
Arten er knytt til tørr savanne, tørr tropisk buskmark og tørr tropisk grasmark. Blodstrupeamadin lever av frø som han finn på bakken.
Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fem egg som blir ruga ut i løpet av ca. 12 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.