Bloddråpeskjeggfugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Bloddråpeskjeggfugl er ein liten spettefugl i afrikaskjeggfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Lybius vieilloti
Beskriven av
(Leach, 1815)

Som vaksen er fuglen ca. 16 cm lang og veg rundt 36 gram.

Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, tørr savanne og jordbruksland. Bloddråpeskjeggfugl lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken, i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

bloddråpeskjeggfugl
Lybius vieilloti
Artsdatabanken-ID
178045

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg