Blåstrupehokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Blåstrupehokko er ein stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pipile cumanensis
Beskriven av
(Jacquin, 1784)

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,3 kilo og hofuglane rundt 1,1 kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog, tørr savanne, tropisk fjellskog, og elvar og bekker. Blåstrupehokko lever av frukt som han finn i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

blåstrupehokko
Pipile cumanensis
Artsdatabanken-ID
174383

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg