Billehauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 2.0

Billehauk er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Aust- og Sørlege Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter francesiae
Beskriven av
Smith, A, 1834

Som vaksen er fuglen ca. 25 cm lang, hannfuglar veg rundt 120 gram og hofuglane rundt 150 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Billehauk er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og små varmblodige dyr som han fangar på bakken, i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

billehauk
Accipiter francesiae
Artsdatabanken-ID
175313

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg