Berg- og dalvind er eit vindsystem med døgnvis svingning som er typisk for fjellstrok i sumarhalvåret.

Om dagen rådar dalvinden: Det bles frå låglandet, opp dalene og mot fjellet. Om natta bles det motsatt veg; frå fjella ned mot dalbotnen, og vidare ned dalane mot låglandet. Dette kallast bergvind.

Årsaken til berg- og dalvind er at fjellskråningene vert vermd opp og avkjøld meir enn lufta i samme nivå eit stykke frå fjellet. Berg- og dalvind er mest utprega når det er roleg vêr; klarvêr og svake vindar for øvrig.

Eit tilsvarande vindsystem i kyststrok er solgangsvind.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg