Ametystsolfugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 3.0

Ametystsolfugl er ein middels stor sporvefugl i solfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Chalcomitra amethystina
Beskriven av
(Shaw, 1812)

Som vaksen veg fuglen rundt 13 gram.

Arten er knytt til tørr savanne og fuktig tropisk skog.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

ametystsolfugl
Chalcomitra amethystina
Artsdatabanken-ID
184546

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg