Afrikapurpurhøne
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Afrikapurpurhøne er ein middels stor tranefugl i riksefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Porphyrio alleni
Beskriven av
Thomson, 1842

Vaksne hannar veg rundt 160 gram og hofuglane rundt 130 gram.

Arten er knytt til ulike menneskeskapte akvatiske habitat, overfløymd tropisk grasmark og ulike våtmarkshabitat. Afrikapurpurhøne lever av plantedelar og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken og i vassoverflata.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fem egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

afrikapurpurhøne
Porphyrio alleni
Artsdatabanken-ID
175602

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg