Vestnes (tettstad)

Artikkelstart

Vestnes er ein tettstad i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2 km², og har 2418 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
2418 (SSB, 2020)
Landareal
2 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
6182 Vestnes

Vestnes er administrasjonssenter i Vestnes kommune. Tettstaden ligg vest for munninga av Tresfjorden, på båe sider av Vestnesstraumen som frå Tresfjorden fører inn til den tre km lange og 1 km breie bukta Flatevågen.

Vestnes kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1872, er den tredje kyrkja på staden; den fyrste var ei stavkyrkje som vart riven i 1680.

Vestnes har snøggbåt til Vikebukt, Sekken og Molde. Bilferge til Molde frå Furneset, tre km nord for tettstaden (E 39). E 136 (Dombås-Åndalsnes-Ålesund) går i bro over Tresfjorden sør for tettstedet.

Kart

Vestnes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg