Leif Torvald Halse

Faktaboks

Leif Torvald Halse
Født
7. juli 1896, Halsa, Møre og Romsdal
Død
8. februar 1984, Levanger, Trøndelag
Oppvaksen i Todalen i Surnadal

Artikkelstart

Leif Torvald Halse var ein norsk lærar, forfattar og lokalhistorikar, best kjent som skapar av Vangsgutane.

Halse skreiv ei rekkje barnebøker, romanar, forteljingar og bygdebøker etter debuten med novellesamlinga UIv (1920). Den første teikneseriestripa vart trykt i Nynorsk Vekeblad 5. oktober 1940, illustrert av Jens R. Nilssen. Året etter gav Fonna Forlag ut det første juleheftet med Vangsgutane. Med unntak av 1944 og 1963 laga Halse kvart år eit nytt hefte, med årlege opptrykk frå 1982.

Ei Leif Halse-samling finst i biblioteket på Todalen oppvekstsenter. Ved oppvekstsenteret står eit monument over Vangsgutane, reist i 1997 ved 100-årsjubileet for Halses fødsel. På sokkelen er eit relieff av Leif Halse. Statuen er laga av Annasif Døhlen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg