Valderøya
Valderøya er ei øy i Giske kommune, Møre og Romsdal, like nord for Ålesund, med eit areal på 6,5 km2.

Valderøya er ei øy i Giske kommune i Møre og Romsdal, like nord for Ålesund. Øya er 6,5 km2 og har 4153 innbyggjarar (2017). Øya er utan skog og noko berglendt med høgaste punkt, Signalen, på 231 meter over havet. Valderøya har tett, samanhengande busetjing i sør og aust. Denne utgjer tettstaden Nordstrand med 3949 innbyggjarar (2016). I denne tettstaden, på sørsida av øya, ligg kommunesenteret Valderhaug.

Valderøya har mellom anna fisketilverking og verkstadsindustri. Mange av dei yrkesaktive innbyggjarane har arbeid i Ålesund. Øya har undersjøisk tunnelsamband via Ellingsøya til Ålesund (Vigrasambandet). Vidare er det brusamband til øya Vigra med Ålesund lufthamn i nord og til øya Giske i vest, der det går tunnel vidare til Godøya.

På sørvestsida av øya ligg ein av dei største fjellholene i landet, Skjonghelleren, der det budde folk i eldre jernalder. Hola er 38 meter høg og strekkjer seg 140 meter innover i fjellet. Trollkjelen er ei anna grotte som blei brukt til gøymestad av motstandsfolk under krigen. Valderøy utgjer eit sokn i Nordre Sunnmøre prosti. Valderøy kyrkje er ei langkyrkje i mur frå 1961, som ligg i kommunesenteret.

Kart

Valderøya
Valderøya
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg