Tore Ulstein

Faktaboks

Tore Ulstein
Født
21. desember 1967, Ulsteinvik
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Artikkelstart

Tore Ulstein er ein doktoringeniør, styreleiar og visekonsernsjef i Ulstein Group og tidlegare president og styreleiar i Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO).

Tore Ulstein studerte til sivilingeniør ved Norges tekniske høgskole (nå NTNU) i 1986–1991 og skreiv diplomoppgåva ved Massachusetts Institute of Technology i USA. Ulstein tok doktorgrad i hydrodynamikk ved NTH i 1995, med ei avhandling om vibrasjonar i hurtiggåande fartøy. Han arbeidde ved NTNU som førsteamanuensis II, deretter som doktoringeniør ved Marintek AS, og han har hatt leiarstillingar i Ulstein-konsernet sidan 1999.

Det maritime familiekonsernet Ulstein blei etablert i 1917. Konsernet har vore igjennom nødvendige omstruktureringar, og Tore Ulstein har spela ei viktig rolle i utviklinga og endringane i norsk skipsindustri. Han er oppteken av innovasjon og verdiskaping, konkurransekrafta til norske bedrifter, kompetent arbeidskraft, berekraftig lønnsnivå og eit meir fleksibelt arbeidsliv.

Ulstein har hatt ei rekkje styreverv, mellom anna er han styreleiar i Ulstein Group og Ulstein Shipping (frå 2011), og han var president og styreleiar i NHO 2013–2017.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg