Faktaboks

Terje Håkonsen
Fødd
11. oktober 1974, Vinje
Verke
Snøbrettkøyrar
Familie

Foreldre: Stuert Per Arnfinn Håkonsen (1950–) og omsorgsarbeidar Sissel Hariet Henriksen (1949–).

Ugift.

Terje Håkonsen er ein norsk tidlegare snøbrettkøyrar som på toppen av karriera var ein av verdas mest kjende og ein trendsettar i mange ungdomsmiljø.

Håkonsen vaks opp i Åmot i Telemark. Han vart offisiell verdsmeister i halfpipe i 1993, 1995 og 1997 og europameister i 1991, 1992, 1993, 1994 og 1997.

Han har fire sigrar i US Open i snøbrett og ble tildelt kongepokalen då han vann NM i 2000. I 1991 vart han profesjonell køyrar og medvirka i fleire snøbrettfilmar og showprega konkurransar. Han arrangerte frå 2000 snøbrettkonkurransen The Arctic Challenge i Noreg, mellom anna i Lofoten.

Tidlege år

Håkonsen svever på snøbrett i lufta
Terje Håkonsen under en konkurranse i Sveits i 1996.
Foto av Terje Håkonsen
Av /NTB.

I barndomsåra var Håkonsen ein allsidig idrettsutøvar som dreiv med fotball, alpint, telemark, hopp og langrenn, men det var som snøbrettkøyrar han skulle gjera suksess. Han starta med å køyre snøbrett som 13-åring, men allereie hausten 1989, som 14-åring, vart han utplukka til å delta på Jake Burtons internasjonale snøbrettleir i Austerrike. Året etter vart han nummer fem i verdsmeisterskapen for snøbrett.

Karriere

I perioden 1990–1997 hadde Håkonsen ei imponerande rekkje med internasjonale sigrar. Han vart offisiell verdsmeister i halfpipe i 1993, 1995 og 1997 og europameister i halfpipe 1991, 1992, 1993, 1994 og 1997 (ISF-meisterskap).

I tillegg vann han samanlagt-verdscupen arrangert av det internasjonale snøbrettforbundet (ISF) i 1992, 1993 og 1994. Han har òg sigrar frå US Open i Vermont USA, både 1992, 1993 og 1995 i halfpipe og 2001 i quarterpipe. I Noreg har han nesten ikkje delteke i konkurransar, men 2000 tok han sigeren i noregsmeisterskapen og vann kongepokal for den prestasjonen.

Atypisk utøvar

Terje Håkonsen passar ikkje inn i den tradisjonelle individuelle toppidrettsutøvar-kategorien, der trening mot viktige konkurransar som verdsmeisterskap og olympiske leikar er altomfattande. Då snøbrett vart olympisk grein i 1998, var ikkje Terje Håkonsen med, sjølv om han var god nok. Han gjekk hardt ut offentleg mot både Den internasjonale olympiske komité (IOC) og Det internasjonale skiforbundet (FIS), som var teknisk arrangør av snøbrettkonkurransane. OL-arrangementet hadde ikkje høg nok kvalitet og hadde ikkje fokus på ynska til snøbrettkøyrarane, meinte han.

The Arctic Challlenge

Terje Håkonsen

Terje Håkonsen under The Arctic Challenge i Stamsund i Lofoten, 2000

Terje Håkonsen
Av /NTB Scanpix ※.

Håkonsen sjølv var oppteken av å få kvalitet i konkurransane, til dømes ved å utvikle betre konkurransearenaer, og i 2000 gjekk han saman med den norske snøbrettkøyraren Daniel Franck for å arrangera The Arctic Challenge i Stamsund i Lofoten. Håkonsen og Franck inviterte 24 av verdas beste utøvarar til å delta i konkurransane. Arrangementet vart ein suksess og i tillegg god reklame for Lofoten. Suksessen vart gjentatt året etter, men då var arrangementet delt mellom fleire stader i Noreg. Det starta i Oslo med ein kjempestor quarterpipe i Holmenkollen, heldt fram med konkurranse i Hemsedal for så å bli avslutta i Stamsund i Lofoten.

Konkurransane i april 2001 fekk mykje omtale i norske media, og NRK hadde fleire sendingar. Dermed kunne ein ane eit norsk skifte i interessa rundt Terje Håkonsen sin person og snøbrettkulturen. Medan internasjonale media, særleg amerikanske, lenge var oppteken av Håkonsen som trendsetjar i ein veksande ungdomskultur, var norske media i liten grad oppteken av andre ting enn at han har vore mediasky.

Trendsettar

Håkonsen er svært oppteken av kosthald og kroppsutvikling (kan òg kallast trening), og han har lenge vore sett på som ein perfeksjonist for å utvikle seg sjølv som snøbrettkøyrar. Han har skapt seg eit image som gjer han til helt og «konge» i mange snøbrettmiljø. I IMAX-filmen Extreme, spelt inn i fjella i Alaska, «pløyer» han snøen i 80–90 km/t. Han har vore med på fleire videoar og er eit ynda motiv for mange fotografar.

Terje Håkonsen er blitt rik av snøbrettkøyringa; han har heile verda som leikegrind og fartar mellom Noreg, fastlands-USA og Hawaii. Han deltek i utvalde konkurransar med pengepremiar, men dei store inntektene har fyrst og fremst kome som sponsorpengar frå det amerikanske firmaet Burton, som produserar snøbrett, støvlar, bindingar og klede.

Karriera som aldri slutta

Foto av Terje Håkonsen
Håkonsen fotografert i Wyller-løypa i Sørkedalen i Oslo i 2012.
Foto av Terje Håkonsen
Av /NTB.

Når Haakonsen ikkje køyrer snøbrett, spelar han mellom anna fotball, køyrer skateboard eller surfar. Han gjer nesten kva som helst for å ha det morosamt. For ham er det viktig å vere i aktivitet, noko han også vil at andre skal.

I 2002 stifta han Ticket To Ride. Ein organisasjon som skulle bli den mest innovative og framtidsretta arrangøren av snøbrettkonkurransar over heile verda. I 2017 slo Ticket To Ride og World Snowboard Federation seg saman, og to år seinare blei det annonsert samarbeid med FIS (Det internasjonale skiforbundet) om korleis ein skal gje utøvarane poeng i konkurransar.

I 2012 vann han Mt. Baker Banked Slalom for sjuande gong (ein snøbrettkonkurranse i USA) og står med sine sju sigrar som den mestvinnande på herresida. Det Same året vann han «highest air» i VM i Oslo og hamna på femteplass i quarterpipe.

I 2015 vann Håkonsen Sudden Rush Banked Slalom i Sveits, en konkurranse han sjølv var med å arrangere.

Engasjement

Terje Håkonsen er oppteken av at alle som vil ut i snøen for å leike, skal ha anledning til det. I 2012 blei Funkisstiftelsen etablert, ei stifting av Håkonsen og forretningsmannen og filantropen Jan Chr. G. Sundt som skulle sørgje for å skape og oppretthalde aktivitet for dei med funksjonsnedsetjing.

Dei to står òg bak Greener Events, ei ideell stifting som særleg er oppteken av ein grønare idrett, etablert i 2009.

Terje Håkonsen var ein sterk motstandar av OL i Oslo 2022 og deltok mellom anna i ein direktesendt debatt på NRK om dette i 2014.

I 2024-utgåva av Mesternes mester er Terje Håkonsen ein av deltakarane.

Les mer i Store norske leksikon

Kilder og litteratur

  • Frode Fretland: Norsk biografisk leksikon 2
  • NRK-dokumentar Folk i farta,med Alex Rosén, 25.1.2001

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg