Megakonstellasjonar
Megakonstellasjonar fører til mange satellittar rundt jorda.
Av .
Lisens: ESA

Megakonstellasjon er samlingar av svært mange satellittar, frå fleire hundre til fleire titals tusen som vert brukt til å levere ei felles teneste. Det er fleire megakonstellasjonar med kommunikasjonssatellittar under planlegging og i tidleg drift. Desse vil kunne tilby internett og andre kommunikasjonstenester over heile jorda, også der ein ikkje har dekning frå bakkebaserte system.

Døme

Nokre av dei planlagde megakonstellasjonane per 2022 er SpaceX sin Starlink, OneWeb, Telesat og Project Kuiper frå Amazon. SpaceX og OneWeb har skote opp fleire satellittar for teknologiutprøving og tidleg drift, men ingen av desse er fullt ut operative per desember 2022. Starlink har sidan hausten 2022 opna for bruk over heile Noreg.

Kritikk og utfordringar

Det store talet på satellittar megakonstellasjonane inneheld fører med seg nokre ulempe. Den eine er problemet med romsøppel. Det vert rett og slett vert så mange satellittar at fara for kollisjonar med andre satellittar aukar. Til ei viss grad kan dette motverkast ved at satellittane vert plasserte ut i ganske låge baner, så dei fell inn i atmosfæra og brenn opp i løpet av få år.

Ei anna utfordring som spesielt Starlink har fått, er at satellittane ofte reflekterer sollyset, og er dermed synlege på stjernehimmelen. Både profesjonelle astronomar og hobbyastronomar som driv med fotografering av verdsrommet har kritisert SpaceX for å drive med ureining av himmelen, sidan satellittane dukkar opp som striper i bilete med lang eksponeringstid. For å motverke dette har SpaceX forsøkt å endre overflata på satellittane til å vere mindre reflekterande.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg