Faktaboks

Skutshorn
Region
Innlandet
Høgd
1630
Skutshorn

Det er eit stort parti av fjellet (merkt raudt) som står i fare for å rase ut.

Skutshorn
Av /NGU/NTB.

Skutshorn er eit fjell i Vang kommune, Innlandet fylke. Fjellet ligg på nordsida av Vangsmjøse, med høgste punkt 1630 meter over havet.

Fjellet har bratte veggar mot Sanddalen i aust og mot Vangsmjøse i sør. Parti av fjellveggen er rekna som ustabilt; det er registrert rørsler på opp mot 3 cm i året. Det ustabile partiet ligg 600 meter over Vangsmjøse, og ein fryktar at eit ras kan sette opp ei flodbølgje som trugar busetnaden omkring innsjøen. Fjellet er sett under kontinuerleg overvaking av NVE.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg