Shenzhen

Eit fullasta konteinerskip på veg frå Shenzhen symboliserer kor viktig byen er for global handel.
Fullasta konteinerskip
Lisens: CC BY SA 3.0
Shenzhen sentrum
Lisens: CC BY SA 3.0
Overseas Chinese Town (OTC); turistattraksjon utanfor Shenzhen
Lisens: CC BY SA 3.0

Shenzhen er ein viktig by i provinsen Guangdong i Kina, ved grensa til Hongkong, med 13 millionar innbyggarar (2018) og eit areal på 1,997 kvadratkilometer. Byen er ein av Kinas ti største.

Faktaboks

også kjent som:

Shēnzhèn 深圳市

Shenzhen er ein kystby med subtropisk klima.

Økonomi og næringsliv

Som eit resultat av dei siste tretti års reformpolitikk har Shenzhen utvikla seg frå fiskarlandsby til finans- og teknologisentrum; frå arbeidsintensivt til kapitalintensivt næringsliv; frå lågkompetent til høgkompetent arbeidsliv, frå eit liv i skuggen av Hongkong til ein by som på svært mange område overgår sin nabo. Bybiletet er prega av nye høgblokker og fleire flotte parkanlegg.

Styresmaktene i byen satsar på å utvikla finans, logistikk, kultur og høgteknologi. Shenzhen har ein av Kinas tre børsar (dei andre er i Shanghai og Hongkong). Ping An Insurance og China Merchants Bank har hovudkontor i byen; det same gjeld droneprodusenten DJI og teknologiselskapa Huawei, Tencent og ZTE. Fleire store logistikkselskap har også base i byen. Byen har fleire universitet.

Samferdsel

Byen har ein moderne og svært travel internasjonal flyplass, jarnbane/hurtigtog, bybane og ferjesamband. Alle byens drosjar og bussar er elektriske. Shenzhen har ein av verdas største konteinerhamner.

Kultur

Shenzhen er den eineste byen i Guangdongprovinsen der standard kinesisk (putonghua) er hovudspråk. Byens innbyggarar kjem fra heile landet, og både kultur og matvanar er prega av dette kulturelle mangfaldet.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg