SWOT-analyse
SWOT-analyse
Lisens: CC BY SA 3.0

SWOT-analyse er ein metode for å identifisere og forstå kva som kan vere sterke og svake sider ved ei bedrift, og kva som kan vere marknadsmessige moglegheiter og trugslar. SWOT er ei forkorting for engelsk strength, weakness, opportunities og threats.

Faktaboks

Etymologi
forkortelse for engelsk Strengths, Weaknesses, Opportunities, Threats
Også kjend som

Situasjonsanalyse

Metoden er sett saman mellom anna av ein ekstern analyse (moglegheiter og trugslar) på makronivå (økonomiske, teknologiske, juridiske, demografiske, politiske, sosiale og kulturelle forhold). Deretter ein analyse på aktørnivå (kundar, konkurrentar, leverandørar og distributørar), i tillegg til ein intern analyse (sterke og svake sider) der ein søkjer å identifisere forhold som kan vidareutviklast til varige konkurransefortrinn – i tillegg til å identifisere forhold som kan svekkje konkurranseevna, for eksempel ved hjelp av ein verdikjedeanalyse.

Ein SWOT-analyse kan vere eit praktisk verktøy for å skaffe ei oversikt over ein gitt situasjon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg