RISK er ei forkorting for Regulering av inngangsverdi med endring i skattlagd kapital, som tidlegare var ei ordning som hadde noko å seie ved utrekning av gevinst eller tap på selde aksjar ved inntektstlikning. RISK vart avskaffa ved innføring av aksjonærmodellen i 2006.

For å unngå at den same inntekta blir skattlagd både hjå selskapet og aksjonæren, og for å sørgje for at reelt tap kom til frådrag, hadde ein aksjonær som selde aksjar rett til å auke inngangsverdien (kostprisen) på aksjen med RISK-beløpet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg