Faktaboks

Maria Louise Ramé
Maria Louise de la Ramée
Fødd
1. januar 1839, Bury St. Edmunds, England
Død
25. januar 1908, Viareggio, Italia
Ouidas signatur

Maria Louise Ramé var ein engelsk forfattar som hadde suksess med sine sensasjons- og historiske romanar i siste halvdel av 1800-talet. Ho hadde ein stor produksjon med omlag 40 romantitlar, og gav alle ut under det korte pseudonymet 'Ouida'. Hennar eige namn har vore mindre kjent.

Den første romanen var Held in Bondage (1863), og mellom dei andre kan ein nemne Chandos (1866), Under Two Flags (1867), Moths (1880), og In Maremma (1882). Den amerikanske forfattaren Jack London skal som barn ha blitt så inspirert av boka Signa (1875) at han ville skrive sjølv.

Også barneboka A Dog of Flanders (1872) har vore populær i fleire land, og har vore filma fleire gonger, og gått på japansk fjernsyn som teiknefilm. Fleire av dei andre bøkene til Ramé har også vore adaptert for film, særleg i den tidlege perioden.

Ramé budde halve livet i Italia, lenge saman med mora, og er også gravlagt der.

Omsetting til norsk

Portrett av Maria Louise Ramé

Fleire av romanane til Ramé kom i norsk versjon veldig snart etter utgjeving. Don Gesualdo (1886) gjekk som føljetong i Dagbladet same år, og like etter i fleire andre aviser. Ei av barnebøkene blei omsett av Pauline Hall som seinare blei ein kjend komponist. Ein av dei mest omsette titlane til norsk, Under Two Flags, er også komen i nyare illustrerte klassikar-utgåver for born.

  • I Æble-Landet (cirka 1882), Kristiania
  • Don Gesualdo (1886), Dagbladets føljetong
  • Don Gesualdo: En Skisse (1887), Stavanger Amtstidende og Adresseavis
  • Don Gesualdo: Fortælling (1900), Føljetong i Aftenposten
  • Gardeløitnanten: for en kvindes ære: roman (1909), Kristiania: Narvesens kioskkompagni
  • To smaa træsko (1916), Kristiania: Helger Erichsen. Omsett av Pauline Hall
  • Mellem to kvinner (1955) (= Under Two Flags), Oslo: Bladkompaniet. Omsett av Lalli Knutsen
  • Den glade kavalér (1956) (= Chandos), Oslo: Bladkompaniet. Omsett av Lalli Knutsen
  • Under to flagg (1971), Illustrerte Klassikere, ved Brita Syvertsen, illustrert av Maurice del Bourgo
  • Under to flagg (2007), Illustrerte Klassikere, Egmont serieforlag

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jordan, Jane og Andrew King, Ouida and Victorian Popular Culture (2013), Burlington: Ashgate.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg