Margrethe Aas

Faktaboks

Margrethe Aas
Født
21. mars 1983, Fræna i Møre og Romsdal
Av /Tiden Norsk Forlag.

Artikkelstart

Margrethe Aas er ein norsk arkitekt og lyrikar som skriv om kontrasten mellom kultur og natur. Dikta hennar handlar om dei ulike relasjonane vi byggjer i liva våre.

Bakgrunn

Ho gjekk på kunstlinja ved Nordland kunst- og filmskole (2002–04), før ho tok mastergraden i arkitektur ved Arkitektskolen Aarhus (2004–09). Sidan 2009 har ho arbeidd som byplanleggjar i Trondheim kommune.

Lyrikk

Margrethe Aas har gitt ut to diktsamlingar, Vy (2012) og Eim (2017).

Debutsamlinga, Vy, tematiserer kontrasten mellom kultur og natur. Dikta observerer eit bymiljø med tema og språk som høyrer naturen til. I Eim tek Aas utgangspunkt i det konkrete, til dømes snikring og bygningsvern. Langdikta i Eim handlar om å gi form til ein ny heim, og Aas spør om kva det er vi som samfunn vel å stå i relasjon til, og om kva prisen er når vi som kollektiv og einskildmenneske gløymer relasjonane våre.

Diktsamlingane til Aas har fått mykje merksemd, både blant kritikarar og lesarar. Dikta er særmerkte ved at dei har ei modernistisk og repeterande form. Aas greier å få det konkrete og nære til å bli noko større og allmenngyldig, som vi alle kan kjenne oss att i eller bli provoserte av.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Espen Tørset: «EIM – Ein samtale med Margrethe Aas», Jul i Trøndelag 2017

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg