Møre og Romsdal distrikthøgskule Volda var ein distriktshøgskule som vart etablert gjennom vedtak i Stortinget 19. juni 1969. Dei første studentane tok til hausten 1971.

Fagtilboda var norsk, tysk, historie, mediefag, kyrkjefag, kommunal planlegging og leiing, barnevernspedagog og sosionom.

I 1994 vart høgskulen slått saman med Volda lærarhøgskule til Høgskulen i Volda.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg