Helseutvalget for homofile blei stifta i 1983 for å kjempe mot hiv/aids, som fram til det blei utvikla gode nok medisinar var ein dødeleg epidemi der homofile var ein av dei mest smitteutsette gruppene. Helseutvalget har endra seg i takt med epidemien, og driv i dag omfattande testing og støtte ved påviste seksuelt overførbare sjukdomar, samt tiltak knytt til områder som psykisk helse og ruskultur.

Bakgrunn

Helseutvalget for homofile blei stifta tidleg i 1983 av aktivistane Per Kristian Svendsen, Georg Pettersen og Calle Almedal, som eit svar på ein gryande epidemi som brått hadde kome til syne i homofile miljø i USA. Tidlegare heilt friske menn blei brått sjuke, og døyde av sjeldne krefttypar og infeksjonar. Sjukdommen fekk i denne tidlege fasen tilnamnet GRID (Gay related immune deficiency), då homofile menn tidleg blei ei synleg og utsett pasientgruppe, og fordi symptoma tilsa at sjukdommen gjekk til åtak på immunforsvaret.

Tilnamnet GRID viser at sjukdommen var omgitt av stigma og fordommar. Tilsvarande stigma og fordommar var synlege også i Noreg gjennom at sjukdommen gjerne blei omtalt som «homsepest» og «homsekreft» i norsk presse. Frå det første offisielle norske dødsfallet i 1983 skulle det framleis gå fleire år før ein fekk full klarleik i korleis sjukdommen smitta og kva den totale svikten i pasientane sitt immunforsvar skuldast. Aktivistane i Helseutvalget byrja likevel tidleg med å oppmode til sikker sex i form av kondombruk, samt oppmode homofile menn om ikkje å gi blod. Helseutvalget dreiv aktivt oppsøkande arbeid i saunaer, barar og andre stader der det føregjekk sex og sjekking mellom menn for å spreie informasjon, dele ut kondom og skape medvit om farane.

Helseutvalget sin strategi blir førande

Den tidlege og effektive mobiliseringa frå grasrota i eitt av dei mest smitteutsette miljøa blei avgjerande for korleis hiv/aids-arbeidet blei ført vidare i Noreg. Helsemyndigheitene starta si mobilisering nokre månader seinare, då helsedirektør Torbjørn Mork våren 1983 sendte ut eit rundskriv til alle landets legar som skildra sannsynlege smittevegar og korleis sjukdomen arta seg. Same år sette helsedirektøren ned det som skulle bli kalt Helsedirektøren si rådgjevingsgruppe for aids, som mellom anna inkluderte medlemmar frå det homofile miljøet.

Reaksjonar i media og i store delar av befolkninga var prega av frykt og fordommar. Frå enkelte hald blei det tatt til orde for tvangstiltak som tvungen testing og isolering av dei smitta. Eit anna forslag til tiltak var å tatovere eit hjarte i lysken på hiv-positive, slik at smittestatus vart synleg for andre. Reaksjonen på epidemien og tiltaka knytt til den har variert i ulike land, og tvangstiltak og synleggjering av smitta kan refererast til som «tvangslinja», som mellom anna kom sterkare til uttrykk i Sverige. Der blei saunaer for homofile menn stengt, og styresmaktene inkluderte i mindre grad aktivistar frå det homofile miljøet.

I Noreg lytta derimot styresmaktene meir på aktivistane, og såg i større grad på desse som ein viktig ressurs i arbeidet med å avgrense epidemien. Noreg følgde i kontrast til Sverige ei «frivilligheitslinje» prega av oppsøkande informasjonsarbeid, utdeling av kondom, tett dialog mellom risikogrupper og helsemyndigheitene, samt fråvær av tvangstiltak. Helseutvalget sin arbeidsmetode og kredibilitet som ein seriøs aktør var ei viktig faktor i dette. At Helseutvalget og andre organisasjonar med utspring i det homofile miljøet oppnådde tillit hjå styresmaktene gjennom arbeidet sitt, var også ein viktig faktor for politisk gjennomslag for reformene som seinare skulle likestille homofilt og heterofilt samliv gjennom partnarskapslova og felles ekteskapslov.

Helseutvalget og homobevegelsen

Eksplisitt seksuelt materiale har blitt nytta av gruppa for å synleggjere og avmystifisere sjukdomen og smittevegane, samt skape meir openheit for å snakke om sex og seksualitet. Det kunne vere direkte referansar til analsex og nakenheit, samt påminningar om at all usikker sex var risikofylt dersom ein ikkje kjende den seksuelle partnaren sin status.

HIV-testen blei tilgjengeleg frå 1985, og gruppa arbeidde tidleg for omfattande testing og støttetiltak til dei som testa positivt på sjukdomen. Helseutvalet var i byrjinga eit tiltak retta særleg mot menn som har sex med menn (MSM), og arbeidet for å avgrense epidemien dominerte også organisasjonar i homobevegelsen som DNF-48, AHF og det seinare LLH. Dette provoserte fleire av homorørsla sine medlemmer, som følte at deira saker blei lite prioritert og oversett. Til dømes blei det peikt på at merksemda retta mot seksuell aktivitet sjukdommen uunngåeleg skapte, stempla heile miljøet som overseksualisert og prega av seksuell risikoåtferd. Helseutvalet og andre organisasjonar som arbeidde mot hiv/aids var alltid tydelege på at seksuell risikoåtferd ikkje var eit problem spesifikt for homofile menn, men eit utslag av mellom anna minoritetsstress og ruskultur.

Hiv/aids i Noreg i dag og Helseutvalet sitt arbeid

Utover 1990-talet blei fleire medisinar prøvd ut, og i 1996 kom gjennombrotet med såkalla ART-behandling (anti retroviral terapi), det vil seie kombinasjon av antivirale medikament. Behandlinga utryddar ikkje viruset frå kroppen, men hindrar at viruset sprer seg og skadar immunforsvaret. Dei aller fleste som er smitta av hiv vil derfor ikkje utvikle aids, og hiv reknast i dag derfor som ein livsvarig infeksjon.

Helseutvalet har endra seg i takt med epidemien, og arbeider i dag for betre seksuell og psykisk helse for lesbiske, homofile, bifile og alle som har sex med personar av same kjønn. Fokuset ligg i dag, forutan eit særleg fokus på førebygging, framleis også på kamp mot stigmatisering og skam. Som eit ledd i dette var Helseutvalget ein av instansane som etterkvart fremja bruk av PreP, det vil seie førebyggande medisin som kan hindre hiv-infeksjon. Bruken av PreP er i dag ein del av Helsedirektoratet sin strategi mot hiv, og gis til personar som har særleg risiko for å bli smitta. Det har blitt reist kritikk mot PreP då den i mange tilfelle kan føre til mindre bruk av kondom, og leie til høgare smittetal for veneriske sjukdommar som gonoré og syfilis. Som svar på dette arbeider Helseutvalget stadig for å gjere det enklare å teste seg for sjukdommane over heile landet sikkert og anonymt, samt skape openheit kring både negative og positive sider ved seksualiteten.

Les mer i Store norske leksikon

Litteraturliste

  • Borgersen, Morten, og Serck-Hanssen, Fin. Våre Stemmer : HIV : 30 år i Norge. Oslo: Press, 2015.
  • Frøland, Stig S. Aids-epidemien: Nederlag, seire og nye utfordringer. Oslo: Gyldendal, 2014.
  • Rydström, Jens. Odd Couples : A History of Gay Marriage in Scandinavia. Amsterdam: Aksant, 2011.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg