Grøndalen - Ullensvang

Grøndalen er eit dalføre i Ullensvang kommune i Vestland fylke mellom Hårteigen og Litlos turisthytte på vestre Hardangervidda. I Grøndalen ligg Grøndalsvotni (1282–1268 moh.) som har tilløp frå småvatn aust og sør for Grøndalshæ (1498 moh.), mellom anna frå Grytevatnet (1397 moh.). Grøndalsvotni har avløp i aust ved Grøno som snart dreier nordover og tek opp Brako, seinare Olavdalselva i Samkomehølen og dannar Veig.

Kart

Grøndalen
Av /Statens kartverk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg