Faktaboks

Frode J. Strømnes

Frode Jens Strømnes

Fødd
4. januar 1937, Harstad
Død
14. desember 2012, Volda
Frode J. Strømnes
Frode J. Strømnes
Av .

Frode J. Strømnes var ein norsk professor i psykologi. I 1990-åra starta han Norsk Statsstipendiatforening.

Frode J. Strømnes var fødd i Harstad og døydde i Volda. Han tok examen artium i 1956 og magistergraden i psykologi ved Universitetet i Oslo i 1963. Han tok den filosofiske doktorgraden ved Universitetet i Åbo i 1971, med den språkpsykologiske avhandlinga Associations or Addresses.

I 1963–1968 og 1971–1974 var Strømnes forskingsstipendiat ved Noregs allmennvitskaplege forskingsråd (NAVF). Han var lektor i psykologi ved Psykologisk Institutt ved Universitetet i Åbo i 1970 og professorvikar same staden i 1974. Året etter var han forskingsstipendiat ved Finlands akademi.

Frå 1976 til 1990 var han tilsett som professor i psykologi ved Universitetet i Tromsø. Han var professor II i kognitiv psykologi ved Universitetet i Bergen frå 1991 til 2007. Frå 1990 var han samstundes statsstipendiat.

Strømnes har hovudsakleg arbeidd med språkpsykologi og språklæringsproblem. Han har vore oppteken av å granske korleis språket er konstruert og fungerer som eit symbolsystem. Dessutan har han interessert seg for sosialpsykologiske og arkitekturpsykologiske emne. I 2006 publiserte han eit stort verk om språkpsykologi, The Fall of the Word and the Rise of the Mental Model, som både er ei oppsummering av forskingsinnsikter og eit utgangspunkt for vidare forsking innanfor dette feltet.

I 1994 var Frode J. Strømnes med på å skipe Norsk Statsstipendiatforening, ei interesseforeining for dei om lag seksti statsstipendiatane i Noreg, og han var leiar for foreininga fram til 2005. Strømnes har i alle år vore nynorskbrukar, sjølv om faglitteraturen i hovudsak er forfatta på engelsk.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Frode J. Strømnes
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003223755

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg