Fitjar Mekaniske Verksted
Fitjar Mekaniske Verksted sett fra Fitjar.
Fitjar Mekaniske Verksted

Fitjar Mekaniske Verksted AS (FMV) er eit skipsverft som blei etablert i 1957. Det er eigd av Laco AS i Austevoll kommune. Verftet ligg på Fitjar sør for Bergen og sysselset rundt 130 medarbeidarar.

FMV leverte sitt første nybygg i 1972 og leverer fem til ti nybygg årleg. Dette er mest prosessbåtar, arbeidsbåtar, fiskefartøy, brønnbåtar og spesialfartøy. Verftet har også stor aktivitet innan vedlikehald, reparasjonar og ombyggingar.

FMV starta Hfmv Design saman med Heimli Ship Design i 2010. Saman har dei utvikla ein serie arbeidsbåtar og bløggebåtar, fôrflåtar, fiskebåtar og brønnbåtar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg