Fister er eit sokn og ein tidlegare kommune i Hjelmeland kommune i Rogaland. Den tidlegare kommunen vart oppretta i 1884 ved utskiljing frå Hjelmeland.

Fister kommune omfatta den ytste delen av landet mellom Hjelmelandsfjorden og Årdalsfjorden og dessutan øyane utanfor. Fastlandsdelen vart i 1965 saman med Årdal slått saman med Hjelmeland. Samstundes vart øyane (unnatekne Helgøy, Børøy, vestdelen av Randøy og nokre mindre øyar) overførte til Finnøy. Fister kommune var 47 kvadratkilometer stor og hadde 713 innbyggjarar ved samanslåinga.

Det noverande Fister sokn, som svarar til fastlandsdelen til den tidlegare kommunen og dessutan Helgøy, Børøy og vestre del av Randøy, hadde 700 innbyggjarar i 2017. Fister kyrkje er ein langkyrkje i tre frå 1867 med ein del inventar frå 1600-talet.

Namnet er antakeleg eit fjordnamn, norrønt Fístr, som truleg betyr 'den blåsande, vêrharde', og har samanheng med verbet fise.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg