Bon Iver er eit band innan indiefolksjangeren som vart danna i 2007 av den amerikanske låtskrivaren og musikaren Justin Vernon (født i 1981). Namnet er henta frå uttrykket bon hiver, som er fransk for «god vinter». Dei mest kjende songane er Skinny Love frå det første albumet og Holocene frå det andre albumet, og dei er særskilt kjende for Vernons høge falsett.

Etter ein turné i 2012 bestemte bandet seg for å ta ei pause på ubestemt tid. I 2015 vart det rykta at dei skulle gjere comeback etter at dei spelte to nye låtar på festivalen Eaux Claires Music & Arts Festival i heimbyen til Justin Vernon. Dette avkrefta Vernon, og han uttalte at dei ikkje hadde lagt nokon planar om nytt album eller ny turné. I 2018 ga han ut eit album som medlem av duoen Big Red Machine.

Karakteristikk

Bandets første album, For Emma, Forever Ago (2007), har eit akustisk preg og er stort sett gitarbasert. Falsetten til Vernon vert komplementert av harmoniske korstemmer, og denne kombinasjonen av akustisk gitar og harmonisk song var lenge kjenneteiknet til Bon Iver. På det andre albumet, Bon Iver, Bon Iver (2011), involverte Vernon fleire musikarar, og lydbiletet vart større og litt annleis. Med innslag av programmerte trommer, perkusjon, blås, stryk, tangentar og elektriske gitarar – med effektar som klang, delay og vreng – vart uttrykket større og tidvis hardare på dette albumet. Likevel er falsettharmoniane, den akustiske gitaren og dei indiefolkinspirerte låtane sterke fellesnemnarar som gjer at Bon Iver beheld sitt særpreg også på dette albumet.

Framsyningar og prisar

Bon Iver har i løpet av si fartstid spelt på fleire store festivalar, som Glastonbury, Coachella og Øyafestivalen. Dei har også vore på fleire talkshows, deriblant Late Show with David Letterman, The Ellen DeGeneres Show og Jimmy Fallon Show. I tillegg har fleire av bandets songar vorte brukt i filmar og TV-seriar, som Grey’s Anatomy, Chuck og One Tree Hill.

I 2012 vart Bon Iver tildelt Grammy-prisen for beste nye artist og beste alternative musikkalbum (Bon Iver, Bon Iver).

Utgivingar

Album

  • For Emma, Forever Ago (2007)
  • Bon Iver, Bon Iver (2011)
  • 22, A Million (2016)
  • i,i (2019)

EP

  • Blood Bank (2009)

I tillegg har Bon Iver gitt ut fire musikkvideoar og delteke i samarbeidsverk med diverse artistar, som til dømes Kanye West og James Blake. Han er òg med i duoen Big Red Machine.

Medlemmer

  • Justin Vernon (vokal, gitarar, bass, keyboard; grunnleggar)
  • Mike Noyce (vokal; originalmedlem)
  • Sean Carey (perkusjon; originalmedlem)
  • Matthew McCaughan (trommer; originalmedlem)
  • Michael Lewis (saksofon)
  • Colin Stetson (klarinett, fløyte, saksofon)
  • Greg Leisz (steelgitar)
  • C.J. Camerieri (trompet, valthorn)
  • Reginald Pace (blåserinstrumenter)

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg