Faktaboks

Anne Marit Hjelme
Fødd
12. juli 1966, Bergen

Anne Marit Hjelme er ein norsk redaktør og medieleiar. Ho er frå 2010 ansvarleg redaktør og dagleg leiar i eldremagasinet Vi over 60, og dessutan frå 2024 ansvarleg redaktør i magasinet Vakre Hjem & Interiør. Begge publikasjonane vert utgitt av Aller Media AS.

Hjelme har ein mastergrad i leiing frå BI, 2014.

Anne Marit Hjelme arbeidde som journalist og redaktør i ei rekkje publikasjonar før ho i 2006 kom til Grieg Media som då eigde og ga ut Vi over 60. Ho var mellom anna journalist i dåverande Åsaneposten, bladet Byggeindustrien, Bergensavisen og Fiskaren, og redaktør i Norsk Fiskeoppdrett AS og i Aqua News.

Ho har gitt ut handbøkene Seniorer i arbeidslivet (2013) og Arv og testament (2013).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg