Faktaboks

Anne Lise Ådnøy
Fødd
30. august 1957, Haugesund
Anne Lise Ådnøy
/Stavanger bispedømme.
Lisens: CC BY 2.0

Anne Lise Ådnøy er ein norsk teolog og biskop. Ho har vore biskop i Stavanger bispedømme sidan mars 2019.

Utdanning

Ho blei cand.theol. frå Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo i 1982, og tok praktisk-teologisk eksamen same stad i 1983. Ho blei ordinert i 1984.

Karriere

Ådnøy var vikarprest i Kirkelandet, Kristiansund, i 1984, sokneprest i Edøy frå 1985, kapellan i Hundvåg frå 1993 og sokneprest i St. Petri, Stavanger, frå 2003. Ho var domprost i Stavanger frå 2011, blei tilsett som biskop i januar 2019 og vigsla til tenesta 17. mars same året.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg