Faktaboks

Anna Diamantopoulou
Fødd
26. februar 1959, Kozani
Anna Diamantopoulou, 2007
Anna Diamantopoulou, 2007
Av /Flickr 𝒲.
Lisens: CC BY 2.0

Anna Diamantopoulou er en gresk politikar som høyrer til det sosialistiske partiet PASOK. Diamantopoulou er leiar av den greske tenketanken DIKTIO – nettverk for reform i Hellas og Europa. Ho er utdanna sivilingeniør.

Politisk karriere

Diamantopoulou var medlem av parlamentet frå 1996 til 1999 og igjen frå 2004 til 2012. Frå 1999 til 2004 var ho Hellas sin representant i Europakommisjonen, med ansvar for sysselsetting og sosiale forhold.

Diamantopoulou har hatt ei rekke ministerpostar: vise-minister for utvikling frå 1996 til 1999, minister for utdanning, livslang læring og religiøse affærer frå oktober 2009 til mars 2012, minister for utvikling, konkurranse og shipping frå mars 2012 til mai 2012.

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg