Sjømalm er jernmalm (brunjernstein) som er danna på botnen av næringsfattige (oligotrofe) innsjøar. Samansetninga er den same som for myrmalm.

Sjømalm var i tidlegare tider ein viktig ressurs som gjerne blei henta opp om vinteren frå råker i isen.

Sjømalm finst i ulike former, gjerne som enkrusteringar eller som rundaktige klumpar (ertemalm). Ertemalm er kjend frå mellom anna Storsjøen i Nord-Odal.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg