Yahya Kemal Beyatlı var ein tyrkisk diktar, fødd i Makedonia, seinare busett i Istanbul. Han var professor i litteratur ved Istanbul-universitetet etter første verdskrig.
Han er den siste lyrikaren som skreiv dikt på tyrkisk med dei klassiske arabisk-persiske versemåla (såkalla aruz-form). Han er spesielt kjend for dei lyriske skildringane av Bosporos og Istanbul, men følgde også stilretninga historisismen og skreiv patriotiske dikt om Det osmanske rikets historie.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.