Hjelmeland er ein kommune i Ryfylke i Rogaland fylke. Kommunen består av områda omkring dei to austgåande armane til Boknafjorden, Jøsenfjorden og Årdalsfjorden, og dessutan hei- og fjelltraktene austover til fylkesgrensa mot Bykle kommune i Agder fylke. Kommunen omfattar elles den store øya Randøy og nokre mindre øyar i Boknafjorden. Hjelmeland kommune vart oppretta ved innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837. Hele artikkelen