Utøvande kunstnarar og jus er eit saksområde som er regulert dels i åndsverklova, dels i lov om avgift på offentlig framføring av utøvende kunstneres prestasjoner mv. Verk må ikkje utan samtykkje frå kunstnaren bli opptekne på plate, film eller lydband, bli kringkasta eller på annan måte bli gjorde offentleg tilgjengelege ved samtidig overføring. Kunstnaren har alltid krav på å bli namngitt slik god skikk tilseier, også der samtykkje til opptak osb. er gitt.

Kommersiell offentleg framføring av opptak av prestasjonane til ein utøvande kunstnar samt overføring av kringkasta sending frå radio eller fjernsyn der det medverkar utøvande kunstnarar (eller blir brukt opptak), er underlagt avgiftsplikt til fond for utøvande kunstnarar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg