Turkiskotinga
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Turkiskotinga er ein stor sporvefugl i kotingafamilien og har naturleg utbreiing i Costa Rica og Panama.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cotinga ridgwayi
Beskriven av
Ridgway, 1887

Vaksne hannar veg rundt 53 gram og hofuglane rundt 63 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Turkiskotinga lever av frukt som han finn i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg. Fuglene blir kjønnsmodne etter eitt år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

turkiskotinga
Cotinga ridgwayi
Artsdatabanken-ID
180492

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg