Svartstrupekolibri er ein fugl i kolibrifamilien og ein av dei minste fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Canada, Mexico og USA.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Archilochus alexandri
- Beskriven av
- (Bourcier & Mulsant, 1846)
Som vaksen veg fuglen rundt 3,4 gram.
Arten er knytt til temperert skog, fuktig og tørr tropisk skog, sterkt endra tropisk skog, tropisk fjellskog, og tørr og høgtliggjande tropisk buskmark. Svartstrupekolibri lever av nektar som han finn i skogen og i buskar.
Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.
Svartstrupekolibri lever vanlegvis i rundt elleve år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.