Sothokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Sothokko er ein stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Penelope obscura
Beskriven av
Temminck, 1815

Som vaksen er fuglen ca. 70 cm lang og veg rundt 1,8 kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Sothokko lever av frukt som han finn på bakken, i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sothokko
Penelope obscura
Artsdatabanken-ID
174377

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg