Soldatoropendola
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Soldatoropendola er ein stor sporvefugl i trupialfamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Psarocolius decumanus
Beskriven av
(Pallas, 1769)

Vaksne hannar veg rundt 280 gram og hofuglane rundt 150 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, plantasjar og tropisk sumpskog. Soldatoropendola lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

soldatoropendola
Psarocolius decumanus
Artsdatabanken-ID
185647

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg