Småeremitt
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 3.0

Småeremitt er ein fugl i kolibrifamilien og ein av dei minste fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og Karibia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Phaethornis longuemareus
Beskriven av
(Lesson, R, 1832)

Som vaksen veg fuglen rundt 2,6 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, mangroveskog, tropisk sumpskog, jordbruksland og fuktig tropisk buskmark. Småeremitt lever av nektar som han finn i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

småeremitt
Phaethornis longuemareus
Artsdatabanken-ID
177151

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg