Slettevaktel
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Slettevaktel er ein fugl i fasanfamilien og ein av dei minste hønsefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i India.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Perdicula argoondah
Beskriven av
(Sykes, 1832)

Som vaksen er fuglen ca. 17 cm lang og veg rundt 60 gram.

Arten er knytt til tørr tropisk grasmark og tørr tropisk buskmark. Slettevaktel lever av frø og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt seks egg som blir ruga ut i løpet av ca. 17 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

slettevaktel
Perdicula argoondah
Artsdatabanken-ID
174546

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg