Sisihøne
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Sisihøne er ein liten hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i Asia og Midtausten.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ammoperdix griseogularis
Beskriven av
(von Brandt, JF, 1843)

Som vaksen er fuglen ca. 24 cm lang og veg rundt 200 gram.

Arten er knytt til temperert ørken, temperert buskmark, og fjellsider og knausar. Sisihøne er ein planteetar som i hovudsak lever av plantedelar, frukt og frø som han finn på bakken.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt ti egg som blir ruga ut i løpet av ca. 21 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sisihøne
Ammoperdix griseogularis
Artsdatabanken-ID
174520

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg