Samoastær er ein stor sporvefugl i stærfamilien og finst på Amerikansk Samoa og Samoa.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Aplonis atrifusca
- Beskriven av
- (Peale, 1849)
Som vaksen veg fuglen rundt 150 gram.
Arten er knytt til plantasjar, fuktig tropisk skog og urbane område. Samoastær lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar og i tre.
Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.