Ruststrupehøne
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Ruststrupehøne er ein liten hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Arborophila rufogularis
Beskriven av
(Blyth, 1849)

Som vaksen er fuglen ca. 28 cm lang, hannfuglar veg rundt 380 gram og hofuglane rundt 170 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og fuktig tropisk buskmark. Ruststrupehøne lever i hovudsak av frukt, frø og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 20 dagar. Reira blir bygd i hôlrom.

Ruststrupehøne lever vanlegvis i rundt åtte år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

ruststrupehøne
Arborophila rufogularis
Artsdatabanken-ID
174478

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg