Ridderfasan er ein stor hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i Brunei, Indonesia og Malaysia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Lophura ignita
- Beskriven av
- (Shaw, 1798)
Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 2,2 kilo og hofuglane rundt 1,5 kilo.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog og sterkt endra tropisk skog. Ridderfasan lever i hovudsak av frø, plantedelar og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt seks egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.