Regnvaktel
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Regnvaktel er ein liten hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia og på det indiske subkontinentet.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Coturnix coromandelica
Beskriven av
(Johann Friedrich Gmelin, 1789)

Som vaksen er fuglen ca. 17 cm lang og veg rundt 74 gram.

Arten er knytt til dyrkbar mark, temperert buskmark, tørr tropisk buskmark, temperert grasmark og tørr tropisk grasmark. Regnvaktel lever av frø og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fem egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

regnvaktel
Coturnix coromandelica
Artsdatabanken-ID
174531

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg