Pygmeørn er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia og Melanesia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Hieraaetus weiskei
Beskriven av
(Reichenow, 1900)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 630 gram og hofuglane rundt 950 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Pygmeørn er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 36 dagar. Ungane forlèt reiret om lag ni veker etter klekking.

Pygmeørn lever vanlegvis i rundt ti år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

pygmeørn
Hieraaetus weiskei
Artsdatabanken-ID
175256

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg